Weblog

25/04: Atløy, Norge

Kjære vener! Då har ferdafolket returnert til norsk jord. (For øvrig med ein dose dårleg samvit for at vi har vore så sløve med bloggen den siste tida...) I alle fall. Heidi er mobillaus og nummerlaus (det er også eit limbo) og har tenkt å spore dåke opp med sherlock-holmsk nitidighet, men viss nokon av dåke vil ha tak i meg i mellomtida, kan de prøve 577 32334 (mamma) eller 906 20008 (frodo). I augneblinken sløvar eg ut på Atløy'na med mammaen min - HERLEG - men kjem i omlaup igjen smått om senn...

Stor klem!

13/03: La Paz, Bolivia

I løpet av to veker som dyrepassarar klarte vi å rote vekk seks fuglar og ein ... puma.

Etter to veker var Frodo eigentleg ganske letta for å reise derifrå. Kanskje ikkje så rart teke i betraktning at han måtte vaske 1038 matfat i løpet av opphaldet medan det skiftevis hagla regn og fugleskit rundt han. Heidi var derimot bunnlaust og inderleg trist over å måtte skiljast frå pumaen sin. (Tenk då, ein puma som mél så det dundrar i veggane kvar dag du kjem på jobb... sukk.) Men kanskje var det til det beste. Det var etter kvart byrja å bli så uuthaldeleg å binde han til eit tre kvar gong eg måtte eit ærend - stakkars dyret - men trur de ikkje luringen til slutt braut den bindande avtalen om ikkje å stikke av?!? Plutseleg var ein svært glad puma ute på spasertur...

Snusepus...

Yndlingsgeskjeftigelsen...

Tenk å få klø ein puma i nakkeskinnet til han mél så det dundrar i veggane!

Ikkje heilt huspus...

Frodo på si side rota vekk seks fuglar; også for han blei det etter kvart uuthaldeleg å bure inne dei vakre skapningane. To av dei, to kompisar som vanlegvis aldri får komme ut av bura sine, berre den eine flygedyktig, kunne ein dag observerast i fullt firsprang bortover eit piggtrådgjerde medan dei stadig gløtta seg over skuldrene for å sjå om han hadde oppdaga dei. Halvvegs til fridommen - og den sikre sultedød må føyast til - avskar Frodo dei to rømlingane. Dei innsåg at slaget var tapt og gadd ikkje eingong protestere når Frodo lokka dei inn på ein pinne og tok dei tilbake til tre faste måltid om dagen og ubegrensa tilgang til frivillige hovud å sikte det overraskande illeluktande skytset inn mot. For ordens skuld: Heldigvis - og dels utan hans forteneste - vende alle tilbake innan rimeleg tid.

Desse to berre elskar å prøve å bite av deg ein finger eller to

Frodo og frodo (ein av nykommarane - ein hardt skadd tucan -  blir oppkalla etter doktor dyregod)

Sirius B gir frodo ein liten, oppfriskande massasje

Tucanane er berre vakre

03/03: Villa Tunari, Bolivia

Kjære, søtaste Idun!! Viss du berre ante kor masse vi kosar oss med svara dine. Du fortel i veg om kva som skjer med deg og elles der heime - og det er akkurat det vi TØRSTAR slik etter! Det gjeld alle dåke som legg inn kommentarar. Dåke skulle sett oss når vi går inn på bloggen; vi er som små born på julafta, og når vi har fått ein ny kommentar, er det som å få den gåva vi har ønska oss heile adventstida. Spesielt kjekt er det når dåke fortel om kva som skjer der heime, som foreksempel at Marius kompenserer for manglande balanse med ein spinkel peikefinger rett opp i lufta; herregud kor mange gongar vi har ledd av akkurat det. Mangelen med bloggen - og det har eg ofte følt på - er at vi aldri får svart; svara forvitrar liksom berre der på tungespissen. Men heretter skal vi gå inn og legge inn kommentarar vi også, og slik få gjort det vi saknar mest av alt: SNAKKE MED DÅKE!

Skulle ønske vi kunne lagt ut nokre bilder av verdens skjønnaste puma, men det får vente til neste gong.

Pumadunstande klem frå frodo og heidi (tåfisen skal vi heller la vere å snakke om....)

19/02: Sucre, Bolivia

Maria har aldri severt frukost til to så rare folk før

Kjem bussen snart?

Togkyrkjegarden i Uyuni: Glupt tog...

Heidi har litt labrare interesse for turistattraksjonar enn frodo...

Stikk(tog)tur til Chile

Frodo må sjølvsagt dra den litt lenger - folk har trass alt gått på vatn før

Hadde den ikkje lukta så infernalsk sauerompe, hadde eg garantert kjøpt den!

Nokre små glimt frå Bolivia, der vi framleis befinn oss ettersom ein slem mann har stole passet og mobilen til heidi.

Sauerompedunstande klem frå heidi og frodo!

29/01: Hasta la vista Paraguay - igjen!

Trans-Chaco. Namnet smaker eventyr. Det er vegen som går fra hovudstaden i Paraguay til Bolivia gjennom aude villmarka. Dei tre nordlegaste fylka utgjer 60 prosent av paraguayansk territorium, men berre 1,7 prosent av befolkninga bur her. Til og med gullkåte spanjolar gav i si tid opp denne ugjestmilde delen av kontinentet. Berre nokre få indianarar streifa rundt i skogane. Dei første som rydda jordbruksland og beviste at det faktisk går an å bu her, var tysktalande mennoittar på flukt frå Canada, Russland og Ukraina. Dei lever i isolerte enklavar og følgjer sine eigne, religiøse reglar. Blant anna har dei tyskundervisning i skulen og eit skrikande fråver av øl i butikkhyllene.

I Norge er det floger og mygg som er klistra i grillen. Vakrare med sommarfuglar i grunn.

Ein av desse busetningane er Filadelfia, omtrent halvvegs. Vi kjem fram seint på kvelden. Hotellet - for øvrig med tysk lakenstrekk og meny - er fullt av kakkerlakkar, av den småvokste typen rett nok. Då ein av dei kjem opp i senga, utbryt Frodo: - No e eg jaggu lei! Sanninga er at han er redd småkrypa; sjølv er eg ikkje hakket betre, men Frodo gjer i det minste noko for å bli kvitt dei. Splitters naken og armert med Lonely Planet opna på side 256 går han til verks. Han klarer å lokke eitt og eitt av dei ekle innsekta inn mellom permane for deretter å styrte ut på badet med boka på armlang avstand og riste dei ned i den omvende malstraumen i doskåla (ja, vatnet går faktisk motsatt veg på den sørlege halvkule). Utallige reprisar følgjer; likjekaren vippar frenetisk opp og ned i kampens hete. Etter ei stund går han lei av denne strategien. Han byter til ei samanrulla avis som han dundrar laus på panserdyra med. "Stand up and fight" høyrer eg frå dusjkabinettet.

Neste morgon vaknar vi og lurer på om det heile var ein vond draum; alle kakkerlakkane er bytta ut med tusenvis av kvite sommarfuglar. Men om dette var ein vond draum, er det ingenting mot marerittet som ventar. Same kveld kjem vi fram til Mariscal Estigarribia der vi skal ta buss vidare til Bolivia. Etter å ha kjøpt billettar må vi gå dei tre kilometra til immigrasjonen; siste passkontroll 240 kilometer frå grensa. Vi labbar avgarde i nattemørket med full oppakning. Etter halvannan kilometer kjem vi fram til noko som kan likne på ein kafé der dei serverer den vanlege kriserasjonen; øl og empanadas (kveitelefse med fyll). Her er kakkerlakkane monstruøse, mykje større enn mus. Då ein av dei byrjar å bestige ryggsekkane våre, er grensa nådd. Med eine slippersen klaskar vi til monsteret, som dett i bakken med eit klask og blir liggande på ryggen og sprelle med beina. Er dei så uviseleg innretta at dei ikkje klarer å snu seg? Neida, med eit siste krafttak klarer han å velte seg rundt og summar seg berre litt før han på nytt set kursen mot ryggsekkane. Ei jente ilar til unnsetning. Ho trampar på dyret til det ligg flatklemt med føtene i alle retningar og ser ganske så daudt ut. Nestemann blir løfta opp etter eine foten, men idet ho skal hive krypet bort i fanget på oss for skikkeleg å skremme oss, bit det, og det er ho som endar med å hyle. Ja-ja, det er no ein mindre, tenkjer vi og ser bort dit kor liket av forrigemann låg. Men kadaveret er bortevekk. Kor mykje toler jævlane eigentleg?!?

Vi labbar vidare, men ser ikkje noko som kan likne på eit immigrasjonskontor. Til slutt kjem vi til det siste opplyste huset langs vegen; heretter er det berre stummande mørke. Kan det vere her? Huset liknar på ein vanleg bustad med kjøleskåp og høner på tunet. Vi prøver å banke på døra, men det kjem ingen reaksjon innanfrå. Plutseleg byrjar dei tre vaktbikkjene å bjeffe som besatte. Om ikkje anna fører spetakkelet til at ein person kjem snublande ut døra i nattkle. Javisst er vi komne til immigrasjonen. Når bussen kjem ein gong mellom klokka 4 og 6, skal han stemple passa våre. - Permiso? spør han og ventar ikkje på svar før han vender tilbake til senga innanfor myggnettingen. Sjølv er vi henvist til tusenvis av grashopper, myggar og kakkerlakkar utandørs, og førebels er det berre midnatt. Det er då det grusomme faktumet går opp for oss...

Vanskeleg å like, vanskeleg å drepe

...kakkerlakk-uhyra kan fly. Ikkje særleg grasiøst, rett nok. Dei lettar i ein spiral oppover til dei kræsjar i noko slik at dei rikosjetterer ned att på bakken. Eller opp i fanga på to nordmenn som er så uheldige å sitje i nærleiken. For å hente mot frå kvarandre pressar vi oss opp i same stolen; betre å sitje litt vondt enn å sitje åleine.

Klokka 05.30 kan vi endeleg borde bussen. "Jurassic Park" er over og no byrjar eventyret! Dei første 110 kilometera er asfalterte og går radig unna, men så svingar vi inn på støvveg. Det har regna stritt i to dagar og underlaget er gjørmete og oversvømt. Det går ikkje lenge før vi støter på første hindring: Ein lastebil har køyrt seg bom fast og sperrar all ferdsel. Faktisk held vegvesenet på å byggje ein ny veg langs den gamle traseen, men denne vegbana er stengd med store tømmerstokkar og sandhaugar med hundre meters mellomrom for å hindre at folk skal køyre den sund. Det bryr ikkje bussjåføren seg om. Han piskar dei mannlege passasjerane ut for å lempe vekk tømmerstokkane, men då det er vel gjort og han skal svinge bussen inn på ulovleg grunn, køyrer han seg fast han også. Men kva gjer vel det når Frodo er med?!? Med litt hjelp frå dei andre mennene halar han bussen opp på vegen etter eit tau.

Hiv og hoy!

Muskelmannen...

Fem gonger køyrer vi oss faste før vi kjem til Bolivia. Etter kvart byrjar damene å gi sitt vesle bidrag; gå av bussen... Kvar gong får vi ei beløning når vi kjem om bord att; ein kjærleik-på-pinne eller ein liten boks sjokolademelk. Når vi endeleg trillar inn på busstasjonen i Villa Montes etter 14,5 timar er det med ei god kjensle av fellesskap og såre trellar.

Den nye vegen ligg langs den gamle - ja elva du ser til venstre er faktisk ein veg.

Bussjåføren har kasta uniformen for å ta i fere med skitarbeidet

No er vi i Tarija i Bolivia 1850 meter over havet. Endeleg er vi oppe i høgda att, og så langt har vi ikkje sett ein einaste kakkerlakk. Vi blir ei stund med andre ord!

Lukkelege klemmar frå frodo og heidi!

22/01: Asunción, Paraguay

Etter litt om og men finn vi fram til bøndene på den paraguayanske landsbygda. Vi er to rare "extranjeros" som ikkje har teke i ei greip, langt mindre henta maten levande på tunet og knekt nakken på den. Etter nokre timar innkøyring skjøner bondekone Mirian at her har ho med grønskollingar å gjere, og det er starten på eit fantastisk opphald hos familien på fire. Mirian dreg oss med på høneslakting, baking av lokale spesialitetar, saftis-produksjon, innhausting av mandioka (er for deira kosthald det poteta er for vårt), rensking av peanøtter til det som ganske snart blir dagens høgdepunkt; peanøtt-te til frukost, melking (utan ein drope melk) og etter kvart får ho oss til og med opp klokka seks kvar morgon til den faste maté-seremonien der alle sit samankropne på små stolar rundt eit fat med glødande kol som held tekanna varm, medan maté-koppen går runde på runde og sola kryp opp over soya-åkrane. Nedanfor kan du sjå resultatet av ein av dagens dontar; det tradisjonelle chipa-brødet som paraguayanarane har ete i århundre. Men så tek det no nesten eitt århundre å tygge det seige brødet også...

Chipas

Ein flokk håpefulle fuglar ventar under bordet på at Mirian skal smule litt godsaker medan ho bakar. Ganske praktisk i grunn; fuglane "feiar" kjøkkengolvet. På den andre sida - bakenden med andre ord - skal jo smulane ut igjen også...

Kjem det ein smule snart?

Sju fuglar blir mat i løpet av opphaldet vårt. To høner og to kyllingar til oss; ein hane, ein kalkun og ein "guinea" til ein flokk indianarar i byte mot ein radio. Til gjengjeld kjem to nye til verda. To andungar som ganske fort blir døypte "Heidilita" og "Alfredito" (ingen klarer å uttale Frodo og difor går han stort sett under namnet Alfredo). SÅÅÅÅÅÅÅ skjønne! Og no forstår vi kvifor det heiter "hønemor". Mirian legg høner til å ruge på egga uansett kva art dei tilhøyrer, og hønene dei passar på ungane om dei ser aldri så rare ut...

Heidilita

Ikkje akkurat Rema 1000.

Ganske ekkelt, faktisk...

Og ikkje akkurat Electrolux.

Her kokkelerer Mirian dagen lang

Alt vatnet må heisast 16 meter med handkraft, også drikkevatnet til dyra. Og dei 100 litera til klesvasken. Og alt vatnet til matlaginga. Og oppvasken. Og kroppsvasken. Berre utedoen bruker ikkje vatn; der gjer makkane jobben.

Kuvatning

Først stappe fotball...

Stappe fotball

...og så spele fotball!

Fotballkamp

Vi trur vi skal sta og besøke ein bonde og ser for oss ein nevenyttig kar med flanellskjorte og caps. Så feil kan ein ta. Damene - her dattera til Mirian - jobbar like mykje på jordet som mennene, og i tillegg gjer dei alt husarbeidet. Vi avstår frå ytterlegare kommentarar.

Bondejenta

10/01: Concordia, Argentina

Det kan hende de begynner å bli leie av sjukdomshistorier - det er i alle fall vi - men sidan vi har bestemt oss for å skrive korleis vi verkeleg har det på bloggen, er det ingen veg utanom. Her kjem ei til:

Heidi vaknar natt til søndag av intense magesmerter for tredje natta på sjette døgnet. Dunder og salt og slitne skipshorer, så vondt det gjer! Eg går rundt og rundt i senga til lakenet ligg i ein haug under meg. Frodo vaknar; han har vondt i magen han også, men langt ifrå så ille. Klokka er mellom fem og seks når eg hiv på meg kjolen og går ut på patioen der barneborna til hotellvertinna Celia sit og rir av promillen etter ei fortryllande natt på by'n. (I Argentina går folk på by'n i to-tida og kjem heim att ein gong ut på morgonkvisten.)
- Eg må til lege, klarer eg å kvekke fram.
Dei ringjer etter ambulanse. Minutta dreg seg avgarde som foretne sneglar medan vi ventar. Endeleg kjem ambulansen, og eg blir lagt på båra. Frodo og eitt av barneborna til Celia blir med. Dermed ber det avgarde til sjukehus - med sirener. (Vel dramatisk ettersom det berre er ein einaste bil i gatene utanom oss, men pokker heller, vi takkar ikkje nei til litt action!)

Argentina er velsigna med eit førsteklasses helsevesen; kompetent og gratis slik at folk faktisk har råd til å bli sjuke. Eg blir trilla inn på eit rom fullt av okkuperte senger (etter eit halvt døgn i innretninga kan eg slå fast at den knapt fortener benevnelsen) og plugga til intravenøst vatn. Frodo blir kasta på gangen. Heile tida kjem nye ansikt og spør kva som feilar meg. Eg forklarer om igjen og om igjen at eg har hatt vondt i magen meir og mindre i ei veke, og at eg allereie har vore hos privat lege, men at han ikkje fann noko gale. Ver så snill å stoppe smertene, tryglar eg, men dei berre driv vekk som morgontåke. Det gjer så vondt at eg ikkje klarer å liggje i ro. Eg kastar på meg på den smale brisken slik at kjolen - som er det einaste plagget eg har på meg - til slutt ligg som ei pølse rundt magen. Den truselause stumpen min og dei like fritthengande puppane (etter 2,5 mnd på reise fortener dei knapt benevnelsen, dei heller) vekkjer allmenn bestyrtelse hos sjukepleiarkollegiet. Dei halar og dreg i plagget for å dekkje meg til, og nyttar høva til spørje meg for hundrade gong kvar det gjer mest vondt, medan dei pressar knyttnevane ned i flesket på meg så stjerner og kolibriar danser for augene. Innimellom sovnar eg av rein utmatting. Frodo sit på gangen og blir ikkje innvilga audiens.

- Good morning, høyrer eg plutseleg.
- Ah, english, svarer eg letta. Let me introduce to you the fabulous Dr. Raul!

I byrjinga lurer eg på om han er spike sprø, men det gode humøret hans smittar snart over. "Seperate my siiiiiiiiiiide, and I love you" syng han høgt og falskt medan han trillar meg avgarde på ultralyd. Etter å ha undersøkt meg slår han fast at leveren min er kjempefin, at eg ikkje er gravid og at eg må seriøst tisse. - Det har eg prøvd å seie fleire gonger, klynkar eg, og latterbrøla hans heng etter meg i lufta når eg går for å bruke det private avlukket.

Han sender meg tilbake til mitt ulukkelege leie i fellessalen. Men herlege Gud og Fader, endeleg får eg noko smertestillande. Eg døser av og blir berre vekt kvar gong nokon drar i kjolen eller eit nytt fjes spør kva som feilar meg. Timane halar seg avgarde. Klokka fire får Frodo komme inn - stakkars kjærasten min ser ganske så ulukkeleg ut. Ved synet av han går sjukepleiarane på med fornya iver, antageleg for å vise han kor godt dei tek seg av meg. Då ein av dei for tusande gong trykkjer magen min ned mot det harde underlaget og spør kvar eg har mest vondt, klikkar det for meg. Eg skjeller ho ut på sunnfjordsk, og så begynner eg å grine. Store, umodige tårer som landar i utringinga med eit plask. Eg vil røykje, hulkar eg, men sjukepleiaren nektar. Det skal vi bli to om, bannar eg i mitt stille sinn og tek med meg både det intravenøse vatnet og Frodo ut næraste dør. Eg blir sjølvsagt så svimmel at eg knapt klarer å stå på beina, men fyttirakkeren så godt det gjer! Vel inne igjen blir vi umiddelbart avslørt. Frodo står og Heidi ligg skulerett for eit samla sjukepleiarkollegie, som med friskt mot vil vise sin heile og individuelle "omsorg" for turistane. Frodo blir sendt på hovudet ut døra, og eg får ein pille under tunga som sløkkjer meg som eit lys.

- Good morning, høyrer eg plutseleg. Gleden overskygger det faktumet at det forlengst er blitt kveld. Raul står over meg. Sjukepleiarane iler til for å sladre om at eg har røykt, men Raul berre slår ut med armane.
- Vacation on hospital, buldreler han på haltande engelsk. Han fortel at både ultralyden og blodprøvane er heilt fine. Han foreskriv ei hestesprøyte med smertestillande på min truselause stump og sender meg tilbake på hotellet i taxi med beskjed om å kome til hans private praksis neste dag. På minuttet klokka 18.30 troppar eg opp med min alltid like trufaste bodyguard og ringberar, mykje betre enn dagen før. For å gjere ei lang historie kort, serverer Raul meg kaffi; gir meg to pakkar smertestillande som skal hjelpe i tilfelle eg blir dårleg igjen; snakker med meg om alt anna i ein time og får meg til å brøle av latter; fortel meg kor uhyre sensitivt det er å troppe opp på sjukehus utan truse; før han foreskriv ein diett og med streng mine seier: - Ingen kaffi!
Vi smiler forbrytersk til kvarandre; den siste herlege dråpen konsumert i fellesskap over stjernehimmelen som dekorerer skrivebordet hans.

Og snipp, snapp, snute - er mageknipen ute. Antageleg var det berre ein magesjau som arta seg litt annleis enn normalt, og kjære Gud, la det aldri skje igjen! (Han har allereie fått søknaden til behandling; bestemor Celia heldt handa mi over den katolske bibelen og ba Gud om mi snarlege betring og lukkelege fortsetting på reisa. Med tårer i augene fortalde ho at ho saknar sine eigne born så langt vekke i andre land, og at ho har fått slik omsut for oss. Det er alltid godt å ha ei bestemor, sjølv om ho berre er til låns.)

Vi er bra igjen begge to, og klare for å fare vidare. Reiser i retning Paraguay i dag. Skal omsider ut på den paraguayanske landsbygda å besøkje bonden vi fortalte dåke om tidlegare.

Ha det godt så lenge, kjære vener!

06/01: Concordia, Argentina

Timing er bra greier. Vi stoppar for å jobbe nokre dagar; Heidi overfører tre handskrivne notisblokker til binære teikn, medan Frodo brenn seks dyrebare giga med bilder til dvd. Byen vi har valt å stoppe i, viser seg å vere den varmaste staden i landet med 40 grader, og varmare skal det bli ifølge vermeldingane. Hotellet vårt oppfører seg ikkje som murhus skal. Istaden for å vere svalt, sug det berre til seg alle varmegradene det kan om dagen og fordeler dei jevnt ut over nattetimane, til stor fortviling for Frodo som synest alt over frysepunktet er for varmt på soverommet. Den vesle vifta på veggen klarer berre så vidt å flytte rundt på varmlufta. Dette har mellom anna ført til innkjøp av store mengder saftis klokka to om natta, forsøk på kalde dusjar (tru det eller ei, men hotellet har berre varmtvatn) og nattleg blotting på balkongen.

Veret er det store samtaleemnet i byen. Alle vi snakkar med fortel at det ikkje har regna på tre månader og at temperaturen ligg minst fem grader over normalen. Mangelen på vatn og mat gjer at husdyra døyr på beitemarkene. Når det gjeld saueflokken i byen, så valfartar den til elva for å avkjøle seg så snart det er siestatid. I morgon skal vi slå følge.

Varme klemmar frå Heidi og Frodo!

03/01: Hasta la vista Uruguay!

Etter den begredelege julefeiringa (tusen takk for herlege kommentarar!) bestemmer vi oss for at Uruguay skal bli noko meir enn ein parentes vi søv/furtar oss gjennom. På impuls leiger vi ein liten koreanar og legg ut på tur Uruguay rundt:

Vi to og Tico på eventyr!

Vi to og Tico!

Vi putrar avgarde i mørket. Natta er stjerneklar og Melkevegen ligg som eit kvitt belte over himmelen. Vi høyrer Pink Floyd "Shine on you crazy diamond" på kvart vårt headsett på mp3-spelaren, og walkman-synger for full hals! Innimellom tjuvlyttar vi på kvarandre og held på å le oss i hel av dei sure tonane. Vi køyrer til vi ikkje orkar meir. Vi parkerer Tico under eit stort tre ved ein bekk og legg oss til å sove i seta. Neste morgon vaknar vi av at sola kiler oss på nasene. Vi tek eit morgonbad i bekken og så legg vi ut på vegen att; vi føler oss sterke, frie og lukkelege!

Vegen dit.

Sju dagar bruker vi på dei 1801 kilometera ned til Atlanterhavskysten og opp att. Vi vel små og grusete vegar der vi kan. Vi finn ein folketom lagune der vi badar nakne (også Tico!); vi bestiger Uruguays høgaste fjell heile 513,66 meter over havet; vi tek ein pram med plass til to bilar over ei elv; vi tergar på oss ein koloni sjøløver; vi blir stoppa av politiet fordi vi køyrer med parklys; vi søv fire netter i bilen; vi køyrer oss vill i nattemørket til tross for at vi får eit detaljert, handteikna kart av ei gammal dame (eller kanskje nettopp difor?); og vi feirar nyttårsafta saman med ein vennegjeng frå Montevideo med tradisjonsrik asado (grilla kjøt).

Laguna Merin der alle badar nakne...

Då vi toårs-jubilerte i Italia månaden før avreisa til Sør-Amerika, møtte vi ein gammal grinebiter frå Uruguay. Han åtvara oss om at 95 prosent av landsmennene hans er uærlege tølparar som berre er ute etter å lure naive turistar. Dette hadde festa seg i hjernebarken til oss begge, og vi kunne ikkje forlate Uruguay utan å få bekrefta mistanken vår: At spøkelsa berre finst i hvoudet hans. Og når til og med bilutleigaren viser seg å vere ein redeleg kar, er bevisstillinga soleklar! Uruguayarane har dette som chilenarane har (og kanskje også nordmenn?): Det er få av dei og dei lever gode liv samanlikna med dei folkerike nabolanda. Kanskje gjer det noko med folk?

Gode og varme nyttårsklemmar frå frodo og heidi.