Comments

06/01: Concordia, Argentina

Timing er bra greier. Vi stoppar for å jobbe nokre dagar; Heidi overfører tre handskrivne notisblokker til binære teikn, medan Frodo brenn seks dyrebare giga med bilder til dvd. Byen vi har valt å stoppe i, viser seg å vere den varmaste staden i landet med 40 grader, og varmare skal det bli ifølge vermeldingane. Hotellet vårt oppfører seg ikkje som murhus skal. Istaden for å vere svalt, sug det berre til seg alle varmegradene det kan om dagen og fordeler dei jevnt ut over nattetimane, til stor fortviling for Frodo som synest alt over frysepunktet er for varmt på soverommet. Den vesle vifta på veggen klarer berre så vidt å flytte rundt på varmlufta. Dette har mellom anna ført til innkjøp av store mengder saftis klokka to om natta, forsøk på kalde dusjar (tru det eller ei, men hotellet har berre varmtvatn) og nattleg blotting på balkongen.

Veret er det store samtaleemnet i byen. Alle vi snakkar med fortel at det ikkje har regna på tre månader og at temperaturen ligg minst fem grader over normalen. Mangelen på vatn og mat gjer at husdyra døyr på beitemarkene. Når det gjeld saueflokken i byen, så valfartar den til elva for å avkjøle seg så snart det er siestatid. I morgon skal vi slå følge.

Varme klemmar frå Heidi og Frodo!

Comments made

Nei og nei!! For noke juletull! Dette kan ikkje fortsette! No må eg vere litt streng! Neste jul e det rett ut!

Har lese og oppdatert meg, sidan tilgang har vore minimal i usa, so han sa. Eg ser for meg korleis eg ville ha spelt den scena, der Frodo er taus og Heidi høyrer på Deep Purple og klipper håret - uforgløymeleg!

Eg sit no å ser ut på mitt eige Manhatten (må skryte at vi har den finaste utsikta i London, sant Heidi?) i London, kl er 4 am, har nettopp ete Steak and Eggs (kanskje vi sovnar då???) - eg og Jeff er jetlegged opp til øyra og lurer på kor lenge vi må vente før vi kan late som om vi nettopp har stått opp. Vi kom frå tobakk-riket i går tidleg, er deppa for at det er slutt på det ansvarslause luksuslivet og den eventyrlege maten! (eg føler veldig sterkt for å fortelje i detalj, men er redd for å bli blogga ut)

Reisa vår var meir komfertabel og langt mindre spennande, der Jeff les heile tida, mens Idun, som berre les når ho KJEDAR SEG, blir sur og prøver å fange oppmerksomheta til Jeff ved å stoppe med all bagasjen midt i midtgangen (det synest Jeff er FORFERDELEG) og sukkar: Help me, baby! Der Jeff gløymer alt anna enn riddarleg kjærleik for Damsels in Distress, og resten av turen er ein leik.

No skal eg vere her i tåkelagte London ei veke til før eg byrjar på turneen til Food for faen (som har vore motto heile jula). Det beste er å dra ferien skikkeleg ut slik at ein får verkeleg angst når ein skal tilbake igjen.

Tusen takk for den livspusten som Hattesteinsbloggen er blitt! Og takk for ærlege betroelser og for at Heidi får lov til å fortelle om intime hårvokster og andre kroppslege attributter (eller spør ho kanskje ikkje...) Og ikkje minst, NYDELEGE bilder!! Og dåke veit ka eg seier: "Dette er en kjempehit, dette er en kjempehit, dette er en kjempehit" (viss ikkje dåke veit neste vers, så går det slik: "Dette blir det penger a, dette blir det penger a, dette blir det penger a)

Stor klem frå Idun (og Jeff som les)
07/01 06:43:35

Add comment

:

:
: