Comments
Comments made
Marit wrote:
Betre bør du ber ikkje i magen ein ein morgondram!
Med låkare niste du legg ikkje i veg enn med ville vaksiner, oveting av pasta og ovdrykkje med øl!
Helsing full av omsut frå Fraglemor.
Med låkare niste du legg ikkje i veg enn med ville vaksiner, oveting av pasta og ovdrykkje med øl!
Helsing full av omsut frå Fraglemor.
10/01 21:07:21
R.H.Devoto wrote:
no comprendo lo que dice en tu idioma,podrias traducirlo al ingles o español.Muchas Gracias y hasta la vista
11/01 05:29:39
Jorunn wrote:
Stakkar liten!! ;9
Du har min fulle og udelte sympati, høres ikke godt ut.
Håper at det går bedre med dere begge.
Hvis det henger for mye får du gjøre som din mor sier og spise masse erter..
Eller som meg, holde deg på enorm avstand.
Klem Jorunn
Du har min fulle og udelte sympati, høres ikke godt ut.
Håper at det går bedre med dere begge.
Hvis det henger for mye får du gjøre som din mor sier og spise masse erter..
Eller som meg, holde deg på enorm avstand.
Klem Jorunn
11/01 11:41:00
Broderen wrote:
Jeg er litt glad det er lange avstander og dårlig komunikasjon. Som storebror synes jeg egentlig det er greit å lese om sykehusbesøkene dine i ettertid. ( som vanlig) Du har jo vært mere på sykehus i utlandet en jeg har her hjemme på svaberget. På tide med en egen reportasje? "All verdens sykehus på 80 dager"...
Eh, det var vel litt overdrevent fra min side, men du "t..tok an"?
Ellers begynner jeg å like Nordkalotten. 5 plussgrader på Svalbard i går.. Litt småyr, men stort sett t-skjotevær over hele linja. YES!!! Jeg digger global oppvarming.
Pysa avgår med døden hvert øyeblikk, men det vet du vel.
Ellers er det lite nytt å melde. Emenem gir ut ny musikk, jentene på MTV blir bare mere og mere sexy, jeg får stadig sjans på byen.. Konemor er god som gull og vi går lysere tider i møte for hver dag. Jeg stortrives i byen... Fugleviruset er på fremgang, så det gjelder å holde seg til ei høne... Hehe. I det hele tatt, livet er ikke så aller værst.
Når du i tillegg kom deg helskinna ut av nok et sykehus som ligger syd for E18, ja da kan jeg bare lene meg tilbake, fyre sigaren og tømme konjakken. lykke til videre. Frodo..... Se til helsikke å kjøp noen truser til søstra mi. Helst store tykke bomullsryer. hehe:)
Eh, det var vel litt overdrevent fra min side, men du "t..tok an"?
Ellers begynner jeg å like Nordkalotten. 5 plussgrader på Svalbard i går.. Litt småyr, men stort sett t-skjotevær over hele linja. YES!!! Jeg digger global oppvarming.
Pysa avgår med døden hvert øyeblikk, men det vet du vel.
Ellers er det lite nytt å melde. Emenem gir ut ny musikk, jentene på MTV blir bare mere og mere sexy, jeg får stadig sjans på byen.. Konemor er god som gull og vi går lysere tider i møte for hver dag. Jeg stortrives i byen... Fugleviruset er på fremgang, så det gjelder å holde seg til ei høne... Hehe. I det hele tatt, livet er ikke så aller værst.
Når du i tillegg kom deg helskinna ut av nok et sykehus som ligger syd for E18, ja da kan jeg bare lene meg tilbake, fyre sigaren og tømme konjakken. lykke til videre. Frodo..... Se til helsikke å kjøp noen truser til søstra mi. Helst store tykke bomullsryer. hehe:)
11/01 12:40:06
Frank Igelkjøn wrote:
Hei på doke! Frode, eg føler med deg. Det er ofte verre å vere den som ikkje er sjuk.....bere vent til ho skal føde...ein gong...kanskje. Er glad for at doke no har det bra.
Franken
Franken
11/01 22:48:34
mamma wrote:
Herregud jente som du skremte meg .Og berre så det er sagt, kjøp deg truser. MANGE. Godt du er bra igjen, men no begynner eg å helle til besta si oppfatning av verda. Borte farleg, d, v. s. alt utanom strekninga Florø-Bergen! Eg skal ringe til Åsta. Kjempeklem!!
13/01 14:43:27
mamma wrote:
Herregud jente som du skremte meg .Og berre så det er sagt, kjøp deg truser. MANGE. Godt du er bra igjen, men no begynner eg å helle til besta si oppfatning av verda. Borte farleg, d, v. s. alt utanom strekninga Florø-Bergen! Eg skal ringe til Åsta. Kjempeklem!!
13/01 14:43:30
10/01: Concordia, Argentina
Det kan hende de begynner å bli leie av sjukdomshistorier - det er i alle fall vi - men sidan vi har bestemt oss for å skrive korleis vi verkeleg har det på bloggen, er det ingen veg utanom. Her kjem ei til:Heidi vaknar natt til søndag av intense magesmerter for tredje natta på sjette døgnet. Dunder og salt og slitne skipshorer, så vondt det gjer! Eg går rundt og rundt i senga til lakenet ligg i ein haug under meg. Frodo vaknar; han har vondt i magen han også, men langt ifrå så ille. Klokka er mellom fem og seks når eg hiv på meg kjolen og går ut på patioen der barneborna til hotellvertinna Celia sit og rir av promillen etter ei fortryllande natt på by'n. (I Argentina går folk på by'n i to-tida og kjem heim att ein gong ut på morgonkvisten.)
- Eg må til lege, klarer eg å kvekke fram.
Dei ringjer etter ambulanse. Minutta dreg seg avgarde som foretne sneglar medan vi ventar. Endeleg kjem ambulansen, og eg blir lagt på båra. Frodo og eitt av barneborna til Celia blir med. Dermed ber det avgarde til sjukehus - med sirener. (Vel dramatisk ettersom det berre er ein einaste bil i gatene utanom oss, men pokker heller, vi takkar ikkje nei til litt action!)
Argentina er velsigna med eit førsteklasses helsevesen; kompetent og gratis slik at folk faktisk har råd til å bli sjuke. Eg blir trilla inn på eit rom fullt av okkuperte senger (etter eit halvt døgn i innretninga kan eg slå fast at den knapt fortener benevnelsen) og plugga til intravenøst vatn. Frodo blir kasta på gangen. Heile tida kjem nye ansikt og spør kva som feilar meg. Eg forklarer om igjen og om igjen at eg har hatt vondt i magen meir og mindre i ei veke, og at eg allereie har vore hos privat lege, men at han ikkje fann noko gale. Ver så snill å stoppe smertene, tryglar eg, men dei berre driv vekk som morgontåke. Det gjer så vondt at eg ikkje klarer å liggje i ro. Eg kastar på meg på den smale brisken slik at kjolen - som er det einaste plagget eg har på meg - til slutt ligg som ei pølse rundt magen. Den truselause stumpen min og dei like fritthengande puppane (etter 2,5 mnd på reise fortener dei knapt benevnelsen, dei heller) vekkjer allmenn bestyrtelse hos sjukepleiarkollegiet. Dei halar og dreg i plagget for å dekkje meg til, og nyttar høva til spørje meg for hundrade gong kvar det gjer mest vondt, medan dei pressar knyttnevane ned i flesket på meg så stjerner og kolibriar danser for augene. Innimellom sovnar eg av rein utmatting. Frodo sit på gangen og blir ikkje innvilga audiens.
- Good morning, høyrer eg plutseleg.
- Ah, english, svarer eg letta. Let me introduce to you the fabulous Dr. Raul!
I byrjinga lurer eg på om han er spike sprø, men det gode humøret hans smittar snart over. "Seperate my siiiiiiiiiiide, and I love you" syng han høgt og falskt medan han trillar meg avgarde på ultralyd. Etter å ha undersøkt meg slår han fast at leveren min er kjempefin, at eg ikkje er gravid og at eg må seriøst tisse. - Det har eg prøvd å seie fleire gonger, klynkar eg, og latterbrøla hans heng etter meg i lufta når eg går for å bruke det private avlukket.
Han sender meg tilbake til mitt ulukkelege leie i fellessalen. Men herlege Gud og Fader, endeleg får eg noko smertestillande. Eg døser av og blir berre vekt kvar gong nokon drar i kjolen eller eit nytt fjes spør kva som feilar meg. Timane halar seg avgarde. Klokka fire får Frodo komme inn - stakkars kjærasten min ser ganske så ulukkeleg ut. Ved synet av han går sjukepleiarane på med fornya iver, antageleg for å vise han kor godt dei tek seg av meg. Då ein av dei for tusande gong trykkjer magen min ned mot det harde underlaget og spør kvar eg har mest vondt, klikkar det for meg. Eg skjeller ho ut på sunnfjordsk, og så begynner eg å grine. Store, umodige tårer som landar i utringinga med eit plask. Eg vil røykje, hulkar eg, men sjukepleiaren nektar. Det skal vi bli to om, bannar eg i mitt stille sinn og tek med meg både det intravenøse vatnet og Frodo ut næraste dør. Eg blir sjølvsagt så svimmel at eg knapt klarer å stå på beina, men fyttirakkeren så godt det gjer! Vel inne igjen blir vi umiddelbart avslørt. Frodo står og Heidi ligg skulerett for eit samla sjukepleiarkollegie, som med friskt mot vil vise sin heile og individuelle "omsorg" for turistane. Frodo blir sendt på hovudet ut døra, og eg får ein pille under tunga som sløkkjer meg som eit lys.
- Good morning, høyrer eg plutseleg. Gleden overskygger det faktumet at det forlengst er blitt kveld. Raul står over meg. Sjukepleiarane iler til for å sladre om at eg har røykt, men Raul berre slår ut med armane.
- Vacation on hospital, buldreler han på haltande engelsk. Han fortel at både ultralyden og blodprøvane er heilt fine. Han foreskriv ei hestesprøyte med smertestillande på min truselause stump og sender meg tilbake på hotellet i taxi med beskjed om å kome til hans private praksis neste dag. På minuttet klokka 18.30 troppar eg opp med min alltid like trufaste bodyguard og ringberar, mykje betre enn dagen før. For å gjere ei lang historie kort, serverer Raul meg kaffi; gir meg to pakkar smertestillande som skal hjelpe i tilfelle eg blir dårleg igjen; snakker med meg om alt anna i ein time og får meg til å brøle av latter; fortel meg kor uhyre sensitivt det er å troppe opp på sjukehus utan truse; før han foreskriv ein diett og med streng mine seier: - Ingen kaffi!
Vi smiler forbrytersk til kvarandre; den siste herlege dråpen konsumert i fellesskap over stjernehimmelen som dekorerer skrivebordet hans.
Og snipp, snapp, snute - er mageknipen ute. Antageleg var det berre ein magesjau som arta seg litt annleis enn normalt, og kjære Gud, la det aldri skje igjen! (Han har allereie fått søknaden til behandling; bestemor Celia heldt handa mi over den katolske bibelen og ba Gud om mi snarlege betring og lukkelege fortsetting på reisa. Med tårer i augene fortalde ho at ho saknar sine eigne born så langt vekke i andre land, og at ho har fått slik omsut for oss. Det er alltid godt å ha ei bestemor, sjølv om ho berre er til låns.)
Vi er bra igjen begge to, og klare for å fare vidare. Reiser i retning Paraguay i dag. Skal omsider ut på den paraguayanske landsbygda å besøkje bonden vi fortalte dåke om tidlegare.
Ha det godt så lenge, kjære vener!