Comments
Comments made
Hilde wrote:
Hei! Må innrømme at eg godtet meg litt då eg leste om kakerlakkene... Uøææh! Det e nokken ekle kryp, men det hører vel med til en sånn reise, som eg misunnar dokkar. Ellers må eg bare si at bildene dokkars e utrolig gode! Blir det bildebok av denne reisen, eller?
Klem fra Hilde (som koser seg uten andre husdyr enn katten foreløpig. Gikk ut i permisjon i dag, dvs. at det er tre uker til termin...)
Klem fra Hilde (som koser seg uten andre husdyr enn katten foreløpig. Gikk ut i permisjon i dag, dvs. at det er tre uker til termin...)
30/01 15:06:13
mamma wrote:
Herregud, kom heimatt, her er ikkje ein einaste kakerlakk, ikkje eingong ein bitteliten søt! Endå godt at Frodo har begynt å drepe kryp og ekle ting, ikkje berre bere dei ut! Ein ting er sikkert, eg blir meir og meir einig med besta, alt utanom strekningen Florø-Bergen er farleg, for ikkje åsnakke om uhygenisk og i det heile, ingen plass å sjå nærmare på. Forresten, det heiter " hiv o\ hoy " kunne ikkje dy meg! Kos og klem!
30/01 23:01:59
Mads wrote:
Hei-di! :) Vi har sendt bryllupsinvitasjonen dokka til Atløy. Håpa dokke e heime på dei tide. Det blir øl og vin.
14/02 08:45:57
terje møkkamann wrote:
heisann
det er bare å holde på med det dere driver med . her på berget gå det KUN i tegninger av religiøs art og fugleinfulensa. egentlig må det vere ganske befriende å ikke se eller høre nyheter på norsk. ellers ser det ut som det var en tabbe å kvitte seg med den FINE bilen til heidi. den kunne komt godt med. på den andre siden hadde dere ikke fått sånne fine bilder av frodo som dytter buss.
det er bare å holde på med det dere driver med . her på berget gå det KUN i tegninger av religiøs art og fugleinfulensa. egentlig må det vere ganske befriende å ikke se eller høre nyheter på norsk. ellers ser det ut som det var en tabbe å kvitte seg med den FINE bilen til heidi. den kunne komt godt med. på den andre siden hadde dere ikke fått sånne fine bilder av frodo som dytter buss.
18/02 19:21:42
29/01: Hasta la vista Paraguay - igjen!
Trans-Chaco. Namnet smaker eventyr. Det er vegen som går fra hovudstaden i Paraguay til Bolivia gjennom aude villmarka. Dei tre nordlegaste fylka utgjer 60 prosent av paraguayansk territorium, men berre 1,7 prosent av befolkninga bur her. Til og med gullkåte spanjolar gav i si tid opp denne ugjestmilde delen av kontinentet. Berre nokre få indianarar streifa rundt i skogane. Dei første som rydda jordbruksland og beviste at det faktisk går an å bu her, var tysktalande mennoittar på flukt frå Canada, Russland og Ukraina. Dei lever i isolerte enklavar og følgjer sine eigne, religiøse reglar. Blant anna har dei tyskundervisning i skulen og eit skrikande fråver av øl i butikkhyllene.Ein av desse busetningane er Filadelfia, omtrent halvvegs. Vi kjem fram seint på kvelden. Hotellet - for øvrig med tysk lakenstrekk og meny - er fullt av kakkerlakkar, av den småvokste typen rett nok. Då ein av dei kjem opp i senga, utbryt Frodo: - No e eg jaggu lei! Sanninga er at han er redd småkrypa; sjølv er eg ikkje hakket betre, men Frodo gjer i det minste noko for å bli kvitt dei. Splitters naken og armert med Lonely Planet opna på side 256 går han til verks. Han klarer å lokke eitt og eitt av dei ekle innsekta inn mellom permane for deretter å styrte ut på badet med boka på armlang avstand og riste dei ned i den omvende malstraumen i doskåla (ja, vatnet går faktisk motsatt veg på den sørlege halvkule). Utallige reprisar følgjer; likjekaren vippar frenetisk opp og ned i kampens hete. Etter ei stund går han lei av denne strategien. Han byter til ei samanrulla avis som han dundrar laus på panserdyra med. "Stand up and fight" høyrer eg frå dusjkabinettet.
Neste morgon vaknar vi og lurer på om det heile var ein vond draum; alle kakkerlakkane er bytta ut med tusenvis av kvite sommarfuglar. Men om dette var ein vond draum, er det ingenting mot marerittet som ventar. Same kveld kjem vi fram til Mariscal Estigarribia der vi skal ta buss vidare til Bolivia. Etter å ha kjøpt billettar må vi gå dei tre kilometra til immigrasjonen; siste passkontroll 240 kilometer frå grensa. Vi labbar avgarde i nattemørket med full oppakning. Etter halvannan kilometer kjem vi fram til noko som kan likne på ein kafé der dei serverer den vanlege kriserasjonen; øl og empanadas (kveitelefse med fyll). Her er kakkerlakkane monstruøse, mykje større enn mus. Då ein av dei byrjar å bestige ryggsekkane våre, er grensa nådd. Med eine slippersen klaskar vi til monsteret, som dett i bakken med eit klask og blir liggande på ryggen og sprelle med beina. Er dei så uviseleg innretta at dei ikkje klarer å snu seg? Neida, med eit siste krafttak klarer han å velte seg rundt og summar seg berre litt før han på nytt set kursen mot ryggsekkane. Ei jente ilar til unnsetning. Ho trampar på dyret til det ligg flatklemt med føtene i alle retningar og ser ganske så daudt ut. Nestemann blir løfta opp etter eine foten, men idet ho skal hive krypet bort i fanget på oss for skikkeleg å skremme oss, bit det, og det er ho som endar med å hyle. Ja-ja, det er no ein mindre, tenkjer vi og ser bort dit kor liket av forrigemann låg. Men kadaveret er bortevekk. Kor mykje toler jævlane eigentleg?!?
Vi labbar vidare, men ser ikkje noko som kan likne på eit immigrasjonskontor. Til slutt kjem vi til det siste opplyste huset langs vegen; heretter er det berre stummande mørke. Kan det vere her? Huset liknar på ein vanleg bustad med kjøleskåp og høner på tunet. Vi prøver å banke på døra, men det kjem ingen reaksjon innanfrå. Plutseleg byrjar dei tre vaktbikkjene å bjeffe som besatte. Om ikkje anna fører spetakkelet til at ein person kjem snublande ut døra i nattkle. Javisst er vi komne til immigrasjonen. Når bussen kjem ein gong mellom klokka 4 og 6, skal han stemple passa våre. - Permiso? spør han og ventar ikkje på svar før han vender tilbake til senga innanfor myggnettingen. Sjølv er vi henvist til tusenvis av grashopper, myggar og kakkerlakkar utandørs, og førebels er det berre midnatt. Det er då det grusomme faktumet går opp for oss...
...kakkerlakk-uhyra kan fly. Ikkje særleg grasiøst, rett nok. Dei lettar i ein spiral oppover til dei kræsjar i noko slik at dei rikosjetterer ned att på bakken. Eller opp i fanga på to nordmenn som er så uheldige å sitje i nærleiken. For å hente mot frå kvarandre pressar vi oss opp i same stolen; betre å sitje litt vondt enn å sitje åleine.
Klokka 05.30 kan vi endeleg borde bussen. "Jurassic Park" er over og no byrjar eventyret! Dei første 110 kilometera er asfalterte og går radig unna, men så svingar vi inn på støvveg. Det har regna stritt i to dagar og underlaget er gjørmete og oversvømt. Det går ikkje lenge før vi støter på første hindring: Ein lastebil har køyrt seg bom fast og sperrar all ferdsel. Faktisk held vegvesenet på å byggje ein ny veg langs den gamle traseen, men denne vegbana er stengd med store tømmerstokkar og sandhaugar med hundre meters mellomrom for å hindre at folk skal køyre den sund. Det bryr ikkje bussjåføren seg om. Han piskar dei mannlege passasjerane ut for å lempe vekk tømmerstokkane, men då det er vel gjort og han skal svinge bussen inn på ulovleg grunn, køyrer han seg fast han også. Men kva gjer vel det når Frodo er med?!? Med litt hjelp frå dei andre mennene halar han bussen opp på vegen etter eit tau.
Fem gonger køyrer vi oss faste før vi kjem til Bolivia. Etter kvart byrjar damene å gi sitt vesle bidrag; gå av bussen... Kvar gong får vi ei beløning når vi kjem om bord att; ein kjærleik-på-pinne eller ein liten boks sjokolademelk. Når vi endeleg trillar inn på busstasjonen i Villa Montes etter 14,5 timar er det med ei god kjensle av fellesskap og såre trellar.
No er vi i Tarija i Bolivia 1850 meter over havet. Endeleg er vi oppe i høgda att, og så langt har vi ikkje sett ein einaste kakkerlakk. Vi blir ei stund med andre ord!
Lukkelege klemmar frå frodo og heidi!