Comments

03/03: Villa Tunari, Bolivia

Kjære, søtaste Idun!! Viss du berre ante kor masse vi kosar oss med svara dine. Du fortel i veg om kva som skjer med deg og elles der heime - og det er akkurat det vi TØRSTAR slik etter! Det gjeld alle dåke som legg inn kommentarar. Dåke skulle sett oss når vi går inn på bloggen; vi er som små born på julafta, og når vi har fått ein ny kommentar, er det som å få den gåva vi har ønska oss heile adventstida. Spesielt kjekt er det når dåke fortel om kva som skjer der heime, som foreksempel at Marius kompenserer for manglande balanse med ein spinkel peikefinger rett opp i lufta; herregud kor mange gongar vi har ledd av akkurat det. Mangelen med bloggen - og det har eg ofte følt på - er at vi aldri får svart; svara forvitrar liksom berre der på tungespissen. Men heretter skal vi gå inn og legge inn kommentarar vi også, og slik få gjort det vi saknar mest av alt: SNAKKE MED DÅKE!

Skulle ønske vi kunne lagt ut nokre bilder av verdens skjønnaste puma, men det får vente til neste gong.

Pumadunstande klem frå frodo og heidi (tåfisen skal vi heller la vere å snakke om....)

Comments made

hei,
endelig ein fridag frå puben... eller, skal egentlig på jobb i kveld, men trur eg tar fri. var med sauebonden til bergen i natt, og hadde det ikkje vore for udugelig grafikar på firda, nei ikkje kai roger, for det var han som måtte fikse problemet, så hadde eg vore heime i skapelig tid, og ikkje halv ti i dag føremiddag. men no fekk eg ein telefon, og det viser seg at han som er på jobb no har lyst ut å drikke i kveld, så då får han få lov til det.

eg er forresten ein av få personar som får kos med marius! LYKKE!

kos og klem :)
04/03 15:28:44
Har skrive 2 (for meg) lange mailer til din adr. Heidi, som eg av ein mystisk og merkeleg grunn ikkje fikk til å sende. Blei så frustrert at eg fekk lyst å hive heile greia ut. Så no seier eg bare hei her, så doke får livstegn ifrå meg,så vidt eg forstår har doke ikkje mobildekning.Ja kva finn ikkje doke to på, dyrepassere tenk det!Kva blir det neste? Massevis av klemmer!
05/03 19:10:09
Puma scmuma, fortell om noko virkelig viktig: er der en MAURSLUKER i den dyrehagen dykkar? Villpus har eg nok av her heime. Maurslukar, derimot, det hadde vore noko, det.

Så kva ventar du på? Fortell, fortell!

Utålmodig klem fra Ingunn.
06/03 15:14:43
Eg e jysla int. i puma. Meine bestemt eg har et bilde der eg klappe ein i ein heller fæl dyrparklignande sak i Florida. Men, hm, trodde ikkje du va så glad i pusekatter eg...men der tog eg kanskje feil, eller e d størrelsen så gjelde????

Ellers ligge derr någe kvitt på bakken her så eg ikkje lige. Eg vil ha vår!!!! og kvitvin på et berg.

D e mykje kjekt å lesa på siå dokkers. kose meg me den når eg e lei av jobben, og d e jo ganske ofte.

Debatten ang. din alder og utseende låg litt for lågt for meg, rompå te Frodo derimot kan eg alltids ta ein liden på.

Nok e nok.

Stor klem
07/03 16:13:40
Eg meinte sjølvsagt schmuma. Ikkje scmuma. Eg hater det når god sarkasme vert øydelagd av dårleg grammatikk. Eller direkte skrivefeil, som var tilfellet denne gangen. Beklager. Det vil nok skje igjen. Beklager.

Grammatisk korrekt klem fra
Ingunn og gjengen.

PS. Troy har fått to tenner i dag!!
08/03 23:39:32
Siste nytt fra Marius!
Han seier egentlig ikkje så mange ord men han kan no to ord på engelsk. Mommy og daddy. Marius' utt: maammmiiiii og daaaddddiiiii
Veldig søtt å høre på. Det er vel ikkje lenge før vi må passe oss for ka vi seier...
Ellers så digger han store åpne plasser som for eksempel gangen på Førde Torg. Der begynner han automatisk å gå/springe fram og tilbake for så å stoppe en liten stund, men da kun for å trampe litt med beina i god Riverdance stil. Han seier hei til dei menneskene som hastar forbi han. Noken blir litt satt ut av at en liten fyr står midt i gangen (faktisk egentlig litt masse i veien for folk og tilsynelatande mutters aleine) ,smiler, sier hei og prøver å få kontakt med dei. Dei seier hei i rein forfjamselse.
Om oss voksne så er alt det samme gamle. Eg jobber,Terje jobber...han skal snart begynne å fly fra Florø og alle hjerter gleder seg...hvertfall mitt!
Og så nyter vi blå himmel og SOLA!!!!......bak vindu med solskjerming på jobb....sukk!
Ha det fint folkens!!! Klems fra Laila & Marius
09/03 23:05:03
Hei, ville dpkkar ha nyhetar hemefra? Ka me denne: 15. februar fikk eg og bjarte en utroooolig søt og snill jente som hetar Malin (dokkar vet, ettar hon fantastiske Malin i Vi på Saltkråkan). Og Heidi, eg kan berolige deg med at det går an å ha både et svangerskap og fødsel uten særlige problem. Faktisk var begge delar en fin opplevelse! No e Malin over tre ukar, og vi merkar stor forskjell. Hon sovar mesteparten av tiden, men når hon e våken no så e det ikkje alltid bare melk hon vil ha før hon sovnar. Det beste hon vet e å ligge på magen oppå magen til meg eller Bjarte og kose.
Klem Hilde
11/03 11:04:22
Jippi!!!!! No blei eg kjempeglad!!
No heng liksom alt samman, vi er her - dåke er der, og vi kommuniserar!! Jorda er ein orm som bit seg sjoelv i halen! Eller ein puma...
Eg blir sjoelvstendig naeringsdrivande og Askvoll Kommune faar
50 000 nye kroner fordi eg melder flytting dit. Eg faar synge i bluesband mens Jeff proever aa fortrenge at puppane mine er mykje stoerre naar eg er i Norge. Alt maa takast i bruk...

FANTASTISK vaer her!! Skikkeleg straalande vinteridyll!

Er veldig nyskjerrig paa korleis daake har det i dyrehagen og haapar dyra steller vel med daake. Og viss daake kjem heim foer den 1.april, saa er daake hjarteleg velkomne til 80-tals fest hos Anja i Angedalen! (syns aa huske at daake skulle innom ein tur)

Kos og klem fraa Idun!
11/03 13:05:48
Rapport frå Fragleberget: No har eg og ein skvett vin grine oss gjennom ein episode av Tore på sporet. Resten av gjengen er (som vanleg?) i ein eller annan bakke, Hemsedal denne gongen. Eg nyt einsemda, som ikkje er så veldig einsam - igår kveld hadde Oddrun og eg ein skikkeleg gjennomgang av frilanslivet og kva som kan vere mogleg og lurt og aritg framover. Eg lir framleis litt av hjerneforstoppelse, godt å kunne bruke vener/kollegaer som klyster.....
Selja forlag; alt ved det gamle, dvs at alt som kunne vere artig å fortelje ikkje eignar seg på ein open blogg.... her får ein vite nytt frå nærområdet, gratulerer med Malin, Hilde!
Vi er mange som berre lengtar etter dokk, trur eg. Kjem dokk heim ein tur snart, eller? Frilanslivet i Førde vart aldri det same etter 25. oktober!
Klem
11/03 22:01:14
Hei folkens!

Katrine: Ikkje foel deg for trygg! Snart kjem eg heim og daa tek eg opp kampen om Marius sin gunst...

Mamma: Kan eg faa ein puma, mamma, veeeeer saaaaa sniiiiiil?!?!

Ingunn: Lurte paa om eg skulle gaa inn og redigere kommentaren din slik at vi kunne faa litt skikkeleg pels-og-pote-spraak paa denne heimesida vaar... smil! Naar det gjeld maurslukarar maa eg imidlertid skuffe deg. Det kunne derimot observerast ein slik ringnasebjoern (eller kva det heiter) som vi tidlegare paa reisa forveksla med ein maurslukar - du er verkeleg sikker paa at denne skapningen framleis finst?!?! Ikkje for det - eg haapar inderleg. Spesielt etter at eg hadde 30 av arten som dei lever av i buksa; ein litt spesiell utgave som hektar bakbeina fast og berre kan fjernast med aa dra av alle beina eitt etter eitt... Nok om det. Tusen hjerteleg takk for mail med bilder av Troy. Varma langt inn i hjertet der du har permanent bustadadresse.

Aa Heidi! Eg veit eg har latt det falle eit par uheldige kommentarar om pusar (til mitt forsvar skal det seiast at eg var nderleg med paa aa drikke gravoel for Harry - opptil fleire gonger!) men heretter er det pus for alle penga! Tenk daa Heidi, aa massere ein puma, og naar du treff det punktet der det verkeleg kloer, saa byrjar bakbeinet aa gaa som ein hjulvisp... aaaaaa....

Til Laila: Du gloeymer imidlertid det viktigaste; han har vel ikkje byrja aa daite jenter?!?! Eg maa snarast skaffe til vege ei datter slik at det planlagde, arrangerte ekteskapet ikkje gaar i vasken. Apropos til deg Hilde: Soerg for aa halde dattera di langt unna!!! Og hjerteleg til lukke. Eg er saa glad for deg.

Idun: Ka e da du seie? Flyttar du verkeleg attende eller er dette berre ein slik skatteparadis-greie...?

Myra: Ikkje tale om! Eg nektar aa kome heim foer de skaffar ein puma paa kontoret!
14/03 01:33:31
Heisann, måtte nok skrive litt her og eg. Denne gongen mest til Heidi (som sikkert ikkje ein gong veit kven eg er, men her er eg altså, klar for å "belære" og leike "betrevitar" på svært så personlege område.) Du får kjefte på Frode om du føler behov for det. Han står for ein støyt....og har forresten fått heile denne utgreiinga før, sikkert opp til fleire gonger og. kjenner eg meg sjølv rett, og så til saka, ja....
Bare en liten komentar til det med svangerskap og fødsel, som i følge Hilde, faktisk var ei fin oppleving....?
Forventar de noko anna? Har vore gjennom begge deler 4 gonger no, og har BERRE positive opplevingar å sjå attende på i så måte. Tenk over det at det som regel er sskrekkopplevingane folk snakkar om. "Feite typar" sel, det burde no de avisfolk ha greie på`??? Svangerskapet styrer du mykje sjølv. Bare "lytt" til dei signala kroppen gjev og nyt livet!!! Fødselen styrer du endå meir sjølv. Ikkje la deg putte full i alle mogelege slags såkalla "smertelindringar". Har berre brukt lystgass med mine dei siste 10 - 15 minuttane og det er såååå KULT!!!
Smertene er intense under sjølve utdrivinga, men det er bare å bite tennene saman og "ta i alt du maktar og litt til" så er det over før du omtrent har registrert av det byrja. De har mykje å sjå fram til!!!!
Good luck!!
Det viktigaste er at de "lukar vekk skrikegena" før de set i gang. Babyar som berre skrik for å skrike er ikkje noko stas!!
18/03 22:33:50

Add comment

:

:
: